Yr melde 270 (!) minusgrader i Skjåk

Neste helg kunne skjåkværar i fylgje Yr vente seg ein temperatur ned mot det absolutte nullpunkt.

Brrr: Vêrtenesta Yr kunne melde ekstremkulde neste helg.  Foto: Skjermdump/Yr.no

Nyheiter

Prestgardsøygarden i Skjåk kunne vente seg ekstremkulde sundag 10. mars, i fylgje vêrtenesta Yr. Laurdag kveld melde nemleg vêrtenesta 270(!) minusgrader denne staden.

Fjuken er kjent med at Yr melde langt under 200 minusgrader neste helg også andre stader i landet.

Utpå morgonen i dag, sundag, er vêrvarselet hjå Yr «normalisert» til -5 grader ved Prestgardsøygarden i Skjåk neste sundag.

Temperaturen på -270 grader som var meld i Skjåk, er svært nær det absolutte nullpunkt som er på -273,15 grader. Det absolutte nullpunkt er ei viktig teoretisk og eksperimentell grense innan fysikken.

Jau da, vi skjønte at det ekstreme vêrvarselet for neste helg måtte vera ein teknisk feil hjå Yr, men likevel ...

For ordens skuld: Den lågaste temperaturen som er målt i Noreg nokon gong er -51,4 grader. Denne kulderekorden vart sett i Karasjok i 1886.