Desse skal spele i Skjåk i sommar

Heile artistlista for Countryfestivalen er nå klar. I alt skal 16 band og artistar frå inn- og utland spele på Skjåkøygarden i sommar.

Festival: Countryfestivalen i Skjåk blir arrangert 27.-30. juni, og nå er den komplette artistlista offentleggjort. Dette bildet vart teke under fjorårets festival.  Foto: Arkiv/Tom Erik Solstad

Nyheiter

Arrangørane av Countryfestivalen i Skjåk, Lena Jenny og Geir Ove Melby, har denne gongen valt å «sleppe» namna på årets artistliste i puljer, og starta presentasjonen før jul .

Nå er alle artistane offentleggjort, og dette er den komplette artistlista for Countryfestivalen i Skjåk 27.-30. juni:

Hilljacks (Noreg), Stine Nilsen & Livin West (Noreg), G.Thomas (Noreg), Sivert Bjørdal (Noreg), Get Rhythm (Noreg), Fat Fred & The Possumhunters (Noreg), Gunsmoke (Noreg), Rune Rudberg (Noreg), Shane Owens (USA), Cody Wickline (USA), Hicksville Bombers (England), Too Far Gone (Noreg), Spelloppmaker (Noreg), Blue Valley Boys (Sverige), Hessy Band (Sverige), og Byting (Noreg).

Påmeldinga til festivalcampingen vart opna for ei tid sidan, og Lena Jenny Melby fortel at talet på førehandsbestillingar ligg på omtrent same nivå som i fjor på denne tida.