Landbrukspolitisk sak i Stortinget

Arbeiderpartiet lyfter beredskapsspørsmål til nasjonalt nivå, etter eit landbruksmøte som nyleg vart arrangert.

Landbruksgruppa: Landbrukspolitisk talsmann i Arbeiderpartiet, Nils Kristen Sandtrøen (t.v.), i lag med landbruksgruppa for Vågå og Sel Ap.   Foto: Privat

Nyheiter

Etter møtet som Sel Arbeiderparti og Vågå Arbeiderparti arrangerte på Otta i samarbeid med Vågå Bonde- og småbrukarlag og Sel og Vågå Bondelag, blir regjeringa nå nøydd til å svare for korleis dei har tenkt til å møte utfordringane med meir nedbør og mogleg flaum dei neste åra. Det er landbrukspolitisk talsmann i Arbeiderpartiet, Nils Kristen Sandtrøen, som etter møtet ynskjer fokus på tiltak som kan gjerast.

– Skal vi auke tryggleiken til folk og forsterke beredskapen treng vi praktiske grep for å forsterke produksjonen av trygg mat på norske naturressursar. For å nå måla for arbeidsplassar i heile landet, og tryggleik, må avlingar tryggast og produksjonsgrunnlaget forsterkast også i møte med meir krevjande vêr, seier Sandtrøen i ei pressemelding.

Medlemane i landbruksgruppa for Vågå og Sel Ap ser det som viktig at dette blir teke vidare til Stortinget.