Etter over 20 år i byen var tida inne for å prøve bygdelivet:

Fekk jobb og flytta til Vågå

– Vi ser for oss at det er her vi vil vera.

Tannlege: Elisabeth Ulvik Haug fekk jobb som tannlege på Tannklinikken Vågå. Etter over 20 år i Oslo, har ho og familien nå flytta til Vågå.  Foto: Tom Erik Solstad

Eg håpar og trur at dagane her i Vågå vil bli mindre hektiske enn det dei var i Oslo

Elisabeth Ulvik Haug
Nyheiter

Det seier Elisabeth Ulvik Haug frå Tønsberg. Etter å ha budd over 20 år i Oslo, har ho og mannen Hallgrim Ulvik Haug, og dottera Tiril på fem år, flytta til Vågå.