Utbygging på Dønfoss camping

Dønfoss Eigedom AS har søkt Skjåk kommune om støtte til å utvide resepsjonsbygget og kjøkenet på Dønfoss camping.

Dønfoss camping: Utbyggingsplanane er kostnadsrekna til 1,8 millionar kroner.   Foto: Arkiv/Tom Erik Solstad

Nyheiter

I søknaden kjem det fram at inngangspartiet til resepsjonen er altfor lite til å tene både kundar i kiosken og kafeen – og gjestar som skal bu på campingplassen. Matserveringa har synt seg å vera svært populær og kjøkenet har vorte for lite.