Seier nei takk til rekning

Lom kommune vil ikkje betale ekstrarekning.

Kostnadssprekk: – Lom kommune kan ikkje godta at vi skal dekkje vår del av ekstrakostnaden som skuldast grunntilhøve, heiter det i svarbrevet frå Lom kommune.   Foto: Arkiv/Vigdis Kroken

Nyheiter

Bygginga av skredvollen over Ulstad var i utgangspunktet kostnadsrekna til 31,5 millionar kroner. Det er NVE som er ansvarleg utbyggjar, men Lom kommune har vedteke å dekkje 20 prosent av kostnadene, den såkalla distriktsdelen: Vel 6,0 millionar kroner.