Ingen vil arrangere Landsfestivalen

Ingen søknadar om å få arrangere Landsfestivalen i gammaldansmusikk kom inn da FolkOrg lyste ut festivalen for fem nye år. Nå prøver FolkOrg på nytt.

Landsfestival: Ingen vil arrangere Landsfestivalen i gammaldansmusikk dei neste åra. Nå lyser FolkOrg ut Landsfestivalen på nytt. Her frå fjorårets vellykka festival i Skjåk.  Foto: Arkiv/Tom Erik Solstad

Nyheiter

FolkOrg lyste ut Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk for fem år, med søknadsfrist hausten 2018.

Det har enkelte år vore utfordrande å få arrangørar for dei to arrangementa, og styret i FolkOrg håpa på at moglegheita for å søkje om å ta på seg arrangementa fleire år fram i tid, kunne vera med på å utvide arrangørrunden.

FolkOrg mottok søknadar for Landskappleiken i åra 2020, 2021 og 2022, men ingen søkte om å få arrangere Landsfestivalen i gammaldansmusikk.

På bakgrunn av dette har FolkOrg valt å lyse ut att Landsfestivalen for åra 2020, 2021, 2022, 2023 og 2024, samt Landskappleiken i åra 2023 og 2024. Ny søknadsfrist er 1. mai.

Styret i FolkOrg bestemte i 2016 at Landskappleiken normalt skal arrangerast i veke 26, og Landsfestivalen i veke 31. Dette for å unngå kollisjonar med andre folkemusikkarrangement.

Denne veka vart det gjort kjent at Lom får Landskappleiken i 2021. I år blir Landskappleiken arrangert i Vågå.


Lom får Landskappleiken 2021

Lom spel- og dansarlag skal arrangere Landskappleiken 2021.