Fylkesmannen til Skjåk og Glasopor

Etter at den nye fylkesmannen for Innlandet, Knut Storberget, har vore i Lom tysdag, er Skjåk neste stopp på turneen.

Glasopor: Knut Storberget skal mellom anna besøke Glasopor.  Foto: Tom Erik Solstad/Arkiv

Nyheiter

Storberget har som mål å besøke alle kommunane i fylket som blir heitande Innlandet frå 2020, og neste veke står Lom og Skjåk på programmet.


Fylkesmannen til Lom

Neste veke kjem den nye Fylkesmannen i Innlandet, Knut Storberget, til Lom.


På føremiddagen skal Storberget med fylgje til Lom. Seinare på dagen går turen til Skjåk, der programmet er som følgjer:

• Besøk på Interfil

• Besøk på Glasopor

• Besøk på Smiu, med mellom anna orienteringar om bygda og flaumen sist haust

• Besøk på Skjåk barne- og ungdomsskule med ulike orienteringar