Bøverdølar er plaga med brunt vatn

Drikkevatnet ved Leirmo vassverk i Bøverdalen har den siste tida, periodevis, vore brunt.

Leirmo: Bøverdølane som er knytt til Leirmo vassverk tykkjer ikkje noko om brunt vatn i springen. Truleg er det fjorårets flaum som «har skulda».   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Bøverdølar har overfor Fjuken uttrykt irritasjon over at Lom kommune, etter deira meining, ikkje gjer nok for å få orden på saka.

Teknisk sjef Terje Hoel i Lom kommune stadfestar at Leirmo vassverk førre veke hadde farge på vatnet.

– Vi gjer det vi kan, sjølvsagt, for å finne årsaka. Den siste vassprøva vi tok, syner inga forureining. Nå er vatnet blankt att i brønnen. Vi mistenkjer at flaumen i oktober i fjor har endra grunntilhøva og har utløyst dette, men vi undersøkjer saka og gjer det vi kan for at det ikkje skal skje att. Det ligg óg føre planar om å oppgradere og forsterke desinfeksjonsanlegget på Leirmo vassverk. Eit slikt anlegg vil i all hovudsak drepa alle bakteriar, fortel han.

Leirmo vassverk har ein brønn som ligg ganske nærme elvekanten. Terje Hoel fortel at det kan vera aktuelt å utvide – og gjerde inn – eit større område ovanfor brønnen.