Varsom.no:

Snøen er «friskmeld»

Mildvêret den siste tida har langt på veg fjerna den største skredfaren.

Ut på ski: Hugs alltid å vurdere snøskredfaren før du tek ut på topptur.  Foto: Maje Kjosbakken

Nyheiter

Varsom.no skriv dette:
Når vedvarande svake lag får råme for fyrste gong, blir dei svekka og da er faren for naturleg utløyste skred stor. Men etter dette, vil dei ha mista energien sin og evne til brotforplanting, og ein kan seia at ein «friskmelder» snøen. På dei aller høgste toppane kan ein nok ikkje «friskmelde» heile snødekket ennå, da mildvêret truleg ikkje har klart å trekke heilt ned til bakken. Men dei milde temperaturane vil ha hatt ein stabiliserande effekt også der.

Det som derfor har skjedd nå, stort sett på heile fastlands-Noreg, er positivt for snøskredfaren og gjer det mykje enklare å vurdere skredsituasjonen. Når eit snødekke har vore gjennomfukta og frose til att, vil det vera svært lite truleg at det kan gå skred i denne snøen. Det ein treng å tenke på når ein skal vurdere snøskredfaren nå framover blir derfor:
1. Fester nysnøen seg godt til underlaget?
2. Blir det sjikt inne i den nye tørre snøen som kan løsne?
3. Plussgrader og regn på tørr nysnø vil lett gje våte løssnøskred eller våte flakskred.

Følg med på snøskredvarsla på varsom.no for oppdateringar av situasjonen og for å få gode råd til hva ein bør følgje med på.