Fylkesmannen til Lom

Neste veke kjem den nye Fylkesmannen i Innlandet, Knut Storberget, til Lom.

Lom helseheim: Mykje av programmet skal gå føre seg på Lom helseheim.   Foto: Arkiv

Nyheiter

Mykje av programmet skal gå føre seg på Lom helseheim. Der skal han, saman med formannskapet, få ei omvising.

Etterpå skal Storberget få ulike orienteringar: Om omstillingsprosessen i pleie- og omsorgssektoren, om kvardagsrehabilitering, om kjøkenet, om måltid i institusjonen og om prosjektet «Betre mat- og måltidsglede».

Psykisk helse blir det óg fokus på. Blant anna vil det bli informert om eit samarbeidsprosjekt helsesyster og skule har om nettopp psykisk helse.

Seinare på dagen går vegen til Utgard, der Fylkesmannen får møte ein ungdomsrådsrepresentant. Det vil óg bli omvising i delar av Utgard.