Usikkert når Marlo bru blir opna att

Arbeidet med Marlo bru er i rute, men tidspunktet for når brua kan opnast att avheng av fleire ting.

Marlo Bru: Sjølve arbeidet med å byggje oppatt Marlo bru er i rute, men det er framleis usikkert når brua på fylkesvegen i Skjåk blir opna for trafikk.  Foto: Tom Erik Solstad

Arbeid: Det blir arbeidd med Marlo bru kvar dag.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Marlo bru vart øydelagt under flaumen i oktober, og arbeidet med å setja i stand att brua på fylkesvegen i Skjåk er godt i gang. Bruseksjonen i Statens vegvesen melder at arbeidet er i rute. Kommunikasjonsrådgjevar i vegvesenet, Kari Hermanrud, fortel at det fyrste som måtte utførast var å byggje ein voll for å sikre arbeidsstaden.

– Nå vil Statens vegvesen arbeide for fullt med å reparere fundamentet for pilaren i midten, som vart undergrave i flaumen i oktober. Vi har òg starta grunnarbeidet, slik at vi kan byggje ein ny pilar som skal erstatte den som datt ned under flaumen, seier Hermanrud.

Ho fortel at det er for tidleg å seia noko nærare om når Marlo bru vil bli ferdig, slik at brua kan opnast att for trafikk.

– Dette avheng av vêrforholda, korleis vassføringa og isdanninga i elva blir framover, og grunnforholda der den nye pilaren skal byggjast, seier Hermanrud.

Statens vegvesen har tidlegare antyda at arbeidet skal vera ferdig før ein eventuell vårflaum.

Flaumskadd: Marlo bru vart øydelagt under flaumen i oktober.  Foto: Tom Erik Solstad