Gaupe ihelkøyrt i Skjåk

Ein ung gaupehann vart tysdag morgon køyrt i hel i Skjåk.

Ihelkøyrt: Ei ung gaupe vart ihelkøyrt i Skjåk tysdag morgon.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Ungdyret kryssa ein fylkesveg i lag med mora, og påkøyrselen var ikkje til å unngå.

Statens naturoppsyn tek seg nå av dyret.

Det er att ei gaupe å jakte på i Nord-Gudbrandsdalen. Om dette uhellet blir å rekne som ei felling, er opp til Fylkesmannen å bestemme.