Stengt grunna rasfare

Fjellovergangen på riksveg 15 vart stengt tysdag morgon, og blir i fylgje Statens vegvesen truleg ikkje opna att med det fyrste.

Stengt: Fjellovergangen mellom Skjåk og Stryn er stengt grunna rasfare tysdag morgon.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Det er Vegtrafikksentralen Øst som melder at fjellovergangen mellom Skjåk og Stryn er stengt på grunn av rasfare.

Trafikkoperatør John Flinning i Statens vegvesen fortel at vegen truleg ikkje blir opna att med det fyrste.

– Farevarselet er på eit slik nivå at planen seier at vegen skal stengast. Vegen vil vera stengt til dette farevarselet blir nedgradert, seier Flinning til Fjuken.

Trafikkoperatøren fortel at det er meld kraftig vind og snø på fjellovergangen utover ettermiddagen og kvelden.

– Det er meld generelt dårleg vêr med kraftig vind og nedbør på fjellet i heile Sør-Noreg, seier John Flinning.