Pilkar og ligg i lavvo på Vågåvatnet

I 15 vintrar har kameratane Arne Larsen og Trond Vikvam reist til Vågå for å pilke i Vågåvatnet.

Villmarkingar: Trond Vikvam og Arne Larsen har reist til Vågå for å pilke i 15 vintrar. Nå er dei på plass att, der dei har slått opp lavvoen på isen ved Strond. Her skal dei liggje 4-5 dagar for å pilke etter røye.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Sundag kveld slo dei to fiskekameratane leir nede på isen ved rasteplassen ved Strond.

Her skal dei liggje 4-5 døgn for å pilke etter røye i Vågåvatnet.

Arne Larsen er opphavleg frå Oslo, men har flytta til Sjoa. Trond Vikvam bur i Rælingen.

– Det var naturen som drog meg oppover, seier Larsen.

Måndag drog dei opp fire småfiskar, før den sure nordvesten fekk dei to villmarkingane til å søkje ly i lavvoen. Der inne har dei vedomn og lir såleis inga naud.

I fjor fekk dei ei fangst på 260 røyer. Men det skulle vore fiska meir i Vågåvatnet for å få teke ut småfisken, meinte dei to.

Om sommaren ligg dei og fiskar i Ottaelva mellom Sundbrua og Grønhølen.