Ottadalskommunane kjem dårleg ut i forbrukartest

Forbrukerrådet har testa kommunane. Resultatet gjev kommunane våre lite å rope hurra for
Nyheiter

Forbrukarrådet har testa kor godt kommunane kommuniserer opplysningar om ulike tenester og tilbod. Testmedarbeidarane har gjeve seg ut som om dei var privatpersonar og stilt spørsmål til kommunane. Svara vart vurdert etter hastigheit og relevans.

Det er sendt sendt tre separate e-postar og ringt to telefonsamtalar til kvar kommune. I tillegg har Forbrukarrådet også leita etter 24 ulike informasjonselement på kvar kommune si nettside, både på mobil og på stasjonær datamaskin.

Kommunetesten 2019 er utarbeidd av Forbrukarrådet si faggruppe for offentlege tenester og Forbrukarrådet si fakta- og analysegruppe.

Lom kommune er nedst dårlegast i fylket, og kjem såleis på 25. plass av fylkets 26 kommunar og på 349. plass av landets 422 kommunar.

Skjåk kommune kjem på 24. plass av fylkets 26 kommunar og 305. plass blant landets 422 kommunar.

Vågå kommune ligg midt på treet i Oppland, på ein 13. plass og er nummer 159 av 422 kommunar totalt.