Opna att, men kan bli stengt att på kort varsel

Rv15 er opna att over fjellet, etter å ha vore stengt på grunn av rasfare.

Ope: Fjellovergangen mellom Skjåk og Stryn er opna att etter å ha vore stengt grunna rasfare.  Foto: Statens vegvesen/Webkamera

Nyheiter

Vegtrafikksentralen Øst melder klokka 10.30 tysdag at riksveg 15 mellom Skjåk og Stryn er opna att. Fjellovergangen vart stengd tysdag morgon grunna fare for ras.

I fylgje Vegtrafikksentralen kan vegen bli stengt att på kort varsel utover ettermiddagen.

Trafikkoperatør John Flinning i Statens vegvesen fortel at det er meld kraftig vind og snø på fjellovergangen utover ettermiddagen og kvelden.

– Det er meld generelt dårleg vêr med kraftig vind og nedbør på fjellet i heile Sør-Noreg, seier John Flinning.