Høgre vil arbeide for landsline i Lom

Torstein Bjørgen tok i helga til orde for å leggje ei landsline for friluftsliv til Lom.

Unge Høgre: Torstein Bjørgen markerte seg under Høgres fylkesårsmøte på Hamar i helga.   Foto: Privat foto

Nyheiter

Forslaget til Bjørgen vart vedteke av fylkeslaget, og vil gå inn i programmet til Innlandet Høgre framfor haustens fylkestingsval.

– Dette vedtaket syner at distriktsfronten i Høgre blir sterkare, seier Unge Høgre-politikaren, som sjølv er elev ved den vidaregåande skulen i Lom.

Bjørgen meiner at Lom ikkje kunne lege betre til rette for å huse ei slik line og at det i så fall vil vera med å styrke den vidaregåande skulen i bygda.

– Eg er redd for skulen, at han kan bli nedlagt. Får han ikkje fleire søkjarar kan ei nedleggjing dessverre bli ein realitet. Ei landsline for friluftsliv vil potensielt dra utruleg mange søkjarar og kunne vera med å redde skulen, seier Bjørgen.

Bjørgen tok elles, på årsmøtet i Innlandet Høgre, til orde for å styrke jernbanetilbodet med fleire avgangar frå Otta.

Han håpar at han og Høgre får med seg dei andre partia på å støtte forslaget om å arbeide både for landsline og fleire togavgangar i regionen