Trafikkulykke mellom personbil og trailer

Føraren av personbilen er køyrd til legekontoret for behandling, etter ei trafikkulykke på riksveg 15 måndag.

Ulykke: Ein personbil og ein trailer var involvert i ei trafikkulykke på riksveg 15 måndag.  Foto: Illustrasjon

Nyheiter

Det var klokka 12.24 måndag at politiet fekk melding om ei trafikkulykke på riksveg 15 ved Nysetra i Skjåk. Ein trailer og ein personbil var involvert i ulykka.

Det var to personar i køyretya. Politiet i Innlandet, som la ut meldinga om ulykka på Twitter ved 13.30-tida, melder at føraren av personbilen er køyrd til legekontoret i Skjåk for behandling, og at personen skal vera lettare skadd.

Politiet melder òg at oppryddingsarbeidet på ulykkesstaden er i gang.