Overleverte protestskriv til ordføraren

Oppsitjarar i Vågå protesterer mot privatisering av kommunale vegar i grendene. Måndag vart protestskrivet med underskrifter overlevert ordførar Iselin Vistekleiven.

Underskrifter: Ordførar Iselin Vistekleiven med underskriftlistene seier seier nei til privatisering av kommunale vegear. Frå venstre står per Ove Røe, Arne Steinstuen, Kari Fossen, Jakob Kleiven, Astrid Sveen Løkken, Odd Engen, Imbert Kleiven og Nina Brag.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Det er bra med engasjement. Dette er ei sak som gjeld mange, sa ordførar Iselin Vistekleiven da ho måndag møtte representantar for fem vegar i grendene, som etter budsjettvedtaket i kommunestyret før jul kan bli privatiserte.