Opplevde mobbing på arbeidsplassen

– Det kjennest hardt å fortelja om dette, men samstundes får eg mykje styrke i dei mange telefonane og meldingane eg har fått frå arbeidstakarar med liknande opplevingar. Mobbing på arbeidsplassen er noko det bør pratast meir om.

Tøft å stå fram: – Det er ikkje artig å fortelja om denne saka, men eg meiner det er viktig. Ingen skal finne seg i å bli mobba og trakassert på arbeidsplassane sine, seier Monica Holm.  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Det seier Monica Holm i Lom, som nyleg stod fram i fagbladet HK Nytt og fortalde om ei årrekkje med mobbing og trakassering frå sjefane sine i Rema 1000 i Lom.

HK Nytt blir utgjeve av Handel og Kontor.