Til Topps er lagt ned

Røde Kors melder at det store integrerings- og turarrangementet Til Topps er lagt ned.

Til Topps: Ei helg i juni har Røde Kors i mange år fått tusenvis til toppen av Galdhøpiggen.  Foto: FJuken/arkiv

Nyheiter

I fleire år har dette arrangementet fått fleire tusen flyktningar og innvandrarar til toppen av Galdhøpiggen. Det har også vore store kulturopplevingar i Presthaugen i samband med arrangementet.

Røde Kors melder at Til Topps vil halde fram med lokale turar rundt omkring i landet.