Vellykka reintelling:

Kan bli høgare kvote i Breheimen

Reinheimen-Breheimen villreinutval har gjennomført vinterens reintelling.

Villrein: Årets villreingtelling var vellykka.  Foto: Per Olav Haugen/SNO

Nyheiter

Årets telling vart vellykka, opplyser sekretær i Reinheimen-Breheimen villreinutval, Knut Granum.

I Breheimen fann ein sju flokkar med til saman 915 dyr.

I Reinheimen er talet høgare og her fann ein 2.032 dyr.

– Flokkane i Reinheimen oppheldt seg i hovudsak på Liafjelltangen og delvis i grensetraktene mellom Lom og Vågå. I tillegg var det ein bukkeflokk på 339 dyr ved Råkågjelet. Vinterstammen i Reinheimen er i henhold til driftsplanen, medan den er litt i overkant i Breheimen – så her må ein må forvente at komande årsmøte aukar kvota litt i høve til 2018. I Breheimen fann vi alle flokkane i Skjåk, på Tverrfjellet isør-aust, medan flokkane på sør-vest oppheldt seg i Sekken, Søverdalen og Blankåhaugann.

Årets reintelling gjekk føre seg 5. februar.