Kjellfrid (83) kjenner seg tryggare heime med betre branntryggleik:

– Dette er heilt storarta

Lom og Skjåk brannvesen har fått 250.000 kroner i støtte til tekniske tiltak knytt til betre branntryggleik for brukarane i Lom og Skjåk.

Tilfreds: Kjellfrid Åmodt kjenner seg ekstra trygg i eigen heim, og takkar brannsjef Atle Festervoll, etter å ha fått montert både komfyrvakt på kjøkenet og ein røykmeldar som er kopla opp mot tryggleiksalarmen hennar. Om alarmen går vil ein alarmsentral på Otta bli varsla, som vidare tek kontakt med brukaren og eventuelt varslar brannvesenet.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Eg er glad for å ha fått dette utstyret. Det er mange med meg som kunne tenkt seg slik tryggleik, seier Kjellfrid Åmodt i Skjåk.