Vil leggje høgspentline i jordkabel

A/S Eidefoss ynskjer å leggje høgspentlina som går mellom rundkøyringa ved Smedsmo til Vågåmo vassverk, i jordkabel.

Høgspent i jordkabel: AS Eidefoss ynskjer å leggje høgspenltlina som går mellom rundkøyringa og Vågåmo vassverk i Vanglandet, i jordkabel. Denne lina er på 24 kV, og må ikkje forvekslast med høgspentlina til Statnett som også kryssar området.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Planingeniør Even Sandbo skriv i ein epost til Vågå kommune at cirka 700 meter av høgspentlina som går mellom rundkøyringa ved Smedsmo og Vågåmo kraftverk, skal erstattast med jordkabel.