Rovdyrkveld om ulvejakt

Folkeaksjonen Ny Rovdyrpolitikk arrangerer fredag 22. februar rovdyrkveld i Lidarende i Lom.

Ulv: Fredag 22. februar arrangerer Folkeaksjonen Ny Rovdyrpolitikk rovdyrkveld om ulvejakt i Lom. (Bildet er tatt under kontrollerte forhold). Arve Danielsen/arkiv 

Nyheiter

Denne kvelden vil Arne Sveen frå Rena fortelje om tidenes ulvejakt i Julussareviret i Hedmark i fjor og tidenes kortaste ulvejakt i Trysil fyrste nyttårsdag i år.

Her vil ein får høyre alt om planlegging, sporing og gjennomføring av effektiv ulvejakt, og om konsekvensar av ulven for folk og utmarksbruk i ulvesona.

– Vi håpar på fullt hus i Lidarende denne kvelden, seier Eva Ramen som er kontaktperson for denne kvelden i Lom.