Ope møte om forslaget til ny fjellov:

Respekt for lokale rettar

Større lokal forvaltning og lokal verdiskaping står sentralt i forslaget til den nye fjellova som er på høyring.

Ope møte: Forslaget til ny fjellov har stor betydning for alle brukarar av statsallmenningane. Det opne møtet i Vågå kulturhus førre veka samla rundt 80 tilhøyrar. Frå venstre står Ivar Vistekleiven, leiar i Vågå fjellstyre, Hanne Velure, leiar i Utmarkskommunenes Samanslutning, Steinar Aasgaard, leiar av politisk utval i Vågå kommune og Jan Olav Solstad, leiar i Norges fjellstyresamband.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Som innbyggjar i Vågå må ein vere oppteken av å halde gamle rettar i hevd, som beiting, setring, jakt og fiske, sa Steinar Aasgaard, leiar for politisk utval, da han opna møtet i kulturhuset førre veka.

Forslaget til ny fjellov er på høyring med frist til 28. februar å koma med uttale. Saka har stor betydning for alle brukarar av statsallmenningane.