Fleire bygg har skjeggkre

I dei fleste kommunale bygga i Lom, som nyleg er oppført eller oppussa, er det observert skjeggkre.

Kommunale bygg: Dei fleste nyare kommunale bygg i Lom kommune, slett ikkje berre Utgard, er plaga med skjeggre.   Foto: Arkiv/Vigdis Kroken

Nyheiter

Det kjem fram i eit brev som kommuneoverlege Christen Halle har sendt Lom kommune.

Problemet med skjeggkre handlar med andre ord ikkje «berre» om Utgard.

– Folk opplever det ubehageleg å observere desse insekta i heimen eller på arbeidsplassen, men det er eit faktum at dei ikkje utgjer nokon trussel mot helse, hygiene eller materiell, skriv kommuneoverlegen.

Skjeggkre dukkar som oftast opp i nybygg, truleg fordi byggjevarer, innreiingar og anna kjem i store mengder frå ulike produsentar og land – og at insekta kan leva av cellulose og ofte gøymer seg i emballasjen.

– At skjeggkre finst i hus og bygg, har ikkje samanheng med den tekniske standarden på bygget, reinhald eller dagleg åtferd hjå brukarar. Dette er likevel element i ein strategi for å avgrense problemet, skriv kommuneoverlegen.

– For å hindre at skjeggkre spreier seg mellom kommunale bygg og bustader, er det viktig at ein ikkje lagrar eller set frå seg klede, sko eller bagar på golvet. Dette gjeld óg heime. Insekta er stort sett på golvnivå, og alt som står på golva kan fungere som tilfluktsstad og mogleg transportmiddel. Lagervarer skal takast ut av ytre emballasje og setjast i hyller. Emballasjen skal setjast ut med ein gong. Insektene søkjer næring der det er enklast tilgjengeleg, det vil oftast seia på golvet. Ein bør derfor avgrense inntak av mat til eitt område, slik at ein kan leggje spesiell vekt på reinhald, vask og støvsuging av golv og langs golvlister i desse områda, skriv kommuneoverlegen.

Kommuneoverlegen avsluttar brevet med å slå fast at vaktmeistrar og reinhaldpersonell har gjennomført ein fornuftig kartlegging, sanering og avgrensing av bestanden av skjeggkre. Han slår óg fast at insekta ikkje utgjer nokor fare for helse eller hygiene og at han derfor ikkje vil påleggje Lom kommune å gjennomføre ytterlegare tiltak.

Kommuneoverlegen: – At skjeggkre finst i hus og bygg, har ikkje samanheng med den tekniske standarden på bygget, reinhald eller dagleg åtferd hjå brukarar, skriv kommuneoverlege Christen Halle i eit brev til Lom kommune.   Foto: Arkiv/Tom Erik Solstad