«Ung i Ottadalen»:

Ynskjer badeland på Brustugujordet

Om Emil Haugen (13) fekk vera ordførar i Vågå ei veke, hadde det nok vorte lagt til rette for eit stort badeland på Brustugujordet ...

Vil bli gardbrukar: Emil Haugen håpar han får ta over garden heime. Han likar gardsarbeid, og veit at det er gardbrukar han vil bli.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Namn: Emil Haugen
Alder: Blir 14 i sommar
Klasse: 8B på Vågå ungdomsskule
Bur: Sjårdalen
Hobby: Slalåm og gardsarbeid
 

Kva er mest spennande med Vågå?

– Den fine naturen. Også likar eg at Vågå er ein liten plass. Eg taklar ikkje bylivet med all den trafikken som er der.