Solid comeback for Eirik

Eirik Schjølberg frå Vågå er attende i toppen i frikøyring. Laurdag gjekk han til topps i Freeride World Qualifier i Sveits.

Glad gut: Eirik Schjølberg kunne koste på seg eit stort glis etter sigeren i Sveits laurdag. Sigeren var eit stort comeback for Eirik. Vagværen ligg nå på 19. plass på rankinglista til Freeride World Qualifier. Alle foto: privat  Foto: Arve Danielsen

På pallen: Eirik Schjølberg (til venstre) på pallen etter konkurransen.  Foto: Privat

Nyheiter

Sjå video nederst i saka.

– Dette var artig, sa Eirik Schjølberg etter sigeren i Engadin i Sveits sist laurdag.

Frikøyringskonkurransen var eit solid comeback av Eirik, som nå er attende etter skade i fjor vinter.

For to veker sidan fortalde vagværen si historie under skredkvelden i fjellsenteret i Lom, om ulykka på Lemonsjøen alpinsenter i januar 2018.

Eirik pådrog seg kraniebrot og blødningar i skredulykka, og gjorde at fjorårssesongen vart øydelagt.

Vinnaren av Røldal Freeride Challenge i 2017 hadde førebudd seg godt på sesongen i fjor med mykje trening.

Eirik fortel at han ikkje har fått trena så mykje til årets sesong, både på grunn av studiar og arbeid. Men tydelegvis nok til at han køyrde ned til siger i Sveits laurdag.

Eirik Schjølberg går på byggingeniør på Gjøvik, samstundes som han arbeider i Skogen Entreprenør for å finansiere skikøyringa.

Etter null konkurransar i fjor, er Eirik glad for å vere attende i frikøyring. Ikkje minst å sjå at han kan hevde seg i toppen.

Deltaking i slike renn går etter ranking.

I og med at Eirik ikkje køyrde i fjor vinter, har han ein lengre veg å gå i motsetnad til konkurrantane, med å samle poeng.

Eirik har også som mål å stille i Norgescup i frikøyring. Fyrste konkurranse går i Sogndal 21. - 23. februar.

Norgescupen er ei «tostjernes» konkurranse.

Rennet Eirik vann i Sveits laurdag, var «trestjernes».

– Dersom eg kjem meg inn i ei «firestjernes-konkurranse» her i Sveits, kjem eg til å droppe Norgescupen i Sogndal, seier Eirik.

Han fortel at ein tiandeplass i «firestjernes» gjev meir poeng enn siger i «trestjernes».

I Freeride World Qualifier ligg Eirik nå på 19. plass på rankinglista.

Eirik Schjølberg legg ikkje skjul på at det store målet er å bli ein av tre som blir kvalifisert til Freeride World Tour.

Dennis Risvoll, ein annan vagvær i verdstoppen, køyrde World Tour i 2016 og 2017.

Laurdag var Dennis Risvoll med som «manager» for Eirik.

– Det er godt å ha nokon å stø seg på, sa Eirik på telefon frå Sveits.

– Eg veit ikkje om det støtt har vore så lurt, kommenterte Dennis i bakgrunnen.

Frikøyring: Her kan du sjå Eirik Schjølberg køyre ned til siger i fjellsida i Engadin i Sveits.