Fellingslaget får bruke snøskuter

Det kommunale fellingslaget i Vågå har fått løyve for bruk av snøskuter i skadefelling av freda rovvilt.

Snøskuter: Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning har samrøystes vedteke å gje det kommunale fellingslaget løyve til å nytte snøskuter i samsvar med skadefellingsvedtak i perioden 2019 – 2021.   Foto: Illustrasjonsfoto

Nyheiter

Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning i Vågå kommune gav i 2018 motorferdselsløyve til det kommunale fellingslaget for bruk av snøskuter i samband med eventuelt skadefellingsvedtak gjort av Fylkesmannen.