Arrangerer skredkurs for barn og unge i vinterferien

– Dette skal ikkje vera skremselspropaganda, men ei bevisstgjering på kor viktig det er å passe på kvarandre.

Skredkurs for unge: I vinterferien blir det arrangert skredkurs for barn og unge mellom 7 og 15 år på Lemonsjøen. Frå venstre: Knut-Erik Tessnes i Gjendeguiden, Kjetil Villa på Lemonsjø Alpinsenter og Ørjan Venås i Gjendeguiden.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det seier Ørjan Venås i selskapet Gjendeguiden i Vågå. I samarbeid med Lemonsjø Alpinsenter, Norsk Fjellsenter, Sparebank 1 Lom og Skjåk, og Skredgruppa Innlandet, arrangerer Gjendeguiden eit grunnleggjande skredkurs for barn og unge i alderen 7-15 år i vinterferien. Datoane er 25. og 26. februar, og staden er Lemonsjø Alpinsenter.

– Dei siste fire åra har vi hatt fleire stygge skredulykker i Jotunheimen, der barn og ungdom har vore involvert, og der det har halde på å gå skikkeleg gale. Det er berre eit tidsspørsmål før det skjer ei dødsulykke som fylgje av skred. Ekstra viktig er det difor å bevisstgjera dei unge på kor lite som skal til før det kan få fatale konsekvensar. Dette er noko av bakgrunnen for at vi har teke initiativet til å arrangere skredkurs for nettopp barn og unge, seier Ørjan Venås.

Friluftsmannen, som òg er leiar i Skredgruppa Innlandet, håpar på bra påmelding og deltaking.

– Så vidt eg veit har det ikkje vore arrangert skredkurs for så unge før i Gudbrandsdalen, og eg håpar at dette er eit tilbod som blir godt motteke. Eg har ei god kjensle, og trur dette blir populært, seier Venås.

Skredkurset er gratis, og påmelding skjer til Gjendeguiden. Fleire dyktige instruktørar stiller på kurset, og det blir lagt opp til at det skal vera mellom åtte og ti deltakarar per instruktør per dag. For at flest mogleg skal kunne bli med, er tidspunkta for kurset tilpassa den gratis skibussen som går frå Lalm og Vågåmo i vinterferien.

– Vi håpar på mellom 30 og 40 deltakarar desse to dagane, seier Ørjan Venås og Knut-Erik Tessnes i Gjendeguiden.

Dei fortel at det under skredkurset på Lemonsjøen vil bli fokusert på korleis ein køyrer saman på ski, kva ein skal gjera om ein ser einkvan som oppheld seg der det er fare for skred, og elles korleis ein kan få inn gode rutinar på både det eine og det andre knytt til skikøyring og skredfare.

– Barn og unge skal leike seg i snøen og ha det morosamt. Vi er opptekne av at dette ikkje skal vera noko skremselspropaganda, men det skal vera ei bevisstgjering på kor viktig det er å passe på kvarandre når ein ferdast i skredutsette område, seier Ørjan Venås.

Alle som deltek på kurset vil få heiskort i alpinbakken, sidan ein del av kurset går føre seg her.