NRK:

Seks sauer frå Lom berga i fjelldal i Luster

Har truleg overlevd på buskar og tre.

Endeleg mat: Etter fleire månader der det truleg har vore låkt i kosten, fekk dei seks sauene fôr av Steinar Mørkrid.  Foto: Andre Walaker Mørkrid

Nyheiter

Sauene tilhøyrer Pål Ragnar Paulsen i Lom. Han har dyra sine på sommarbeite på Sognefjellet, men vanta nokre dyr da han sanka i fjor haust.

– Vi var ute fleire gonger og brukte mange dagsverk. Eg leigde også fly for å fly over området vi trudde dei skulle vera, men heller ikkje det gav resultat. Likevel hadde eg eit håp om at dei skulle vera i live, seier Paulsen til NRK.

Det var dei. Sauene vart funne nær eit hus som står til nedfalls, av Steinar Mørkrid frå Fortun. Han og sonen var laurdag i Guridalen for å sjå til hytta si da dei vart vâr sauespor og etter kvart fann dei seks dyra.

Sundag fekk Mørkrid med seg hjelpekorpset i Luster og henta ned att sauene. Dei står nå i fjøset til Mørkrid, og ventar til Paulsen kjem og hentar dei torsdag.

Vegen over Sognefjellet er naturlegvis stengt, så Paulsen lyt køyre litt av ein omveg om Stryn for å hente dyra sine.

– Det har vore mykje prat om desse sauene som har vore sakna så eg er evig takknemleg til dei som fann dei og berga dei ned. Turen for å henta dei er på 25 mil, men det er ingen avstand å prata om når ein kan henta heim sauene sine, seier Paulsen til NRK.