Billettane forsvann på 10 minutt

Teatergruppa i U. L. Fram bestemte seg for å setja opp ekstraframsyning av Digital Kanal Skjåk.

Kø for revybillettar: Billettane til ekstraframsyninga gjekk unna på 10 minutt.  Foto: Privat

Nyheiter

Sundag blir det ekstraframsyning av Digital Kanal Skjåk, etter det ein må kalle braksuksess og fulle hus førre veke.

Klokka 12 måndag vart det lagt ut 200 billettar på YX i Bismo, og folk hadde stilt seg i kø for å sikre seg ein plass i Marlo grendahus.

10 minutt seinare var billettane borte. Dermed måtte mange gå skuffa ut frå bensinstasjonen.

Kor vidt det blir sett opp fleire framsyningar, sjå det veit vi ikkje noko om ennå.