«Kraftverket» gjev ut bok

Jubileumsbok og folkefest er stikkord for to av markeringane i høve 100-årsjubileet.

Jubileum: Lena Kolstad, Lars-Egar Haugen og Per Arild Arnestuen med historieboka om «kraftverket».  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Torsdag 7. februar blir boka «Frå Høgfossen ein arv» lansert på Skjåk folkebibliotek.

Boka er ført i pennen av lokalhistorikar og skjåkvær Ivar Teigum.

Han har arbeidd med boka i eitt par år, og gjort djupdykk i det rikhaldige arkivet som finst i kraftselskapet.

Selskapet vart etablert under namnet Skjåk Kraftselskap. Det skifta seinare namn til Skjåk Kraftverk før dagens namn Skjåk Energi.

Heile historia

Boka inneheld totaltbildet over kraftselskapet gjennom 100 år, men gjev òg eit innblikk i bygdahistoria gjennom dei same åra.

På biblioteket den 7. februar kjem forfattaren for å prate om boka. I tillegg vil Per Steinar Løkken syne bilde frå boka og Finn Sandum vil koma med «ei god rispe».

«Frå Høgfossen ein arv» vil bli distribuert til alle husstandar i Skjåk, men vil òg bli utdelt gratis på lanseringa.

Folkefest

Skjåk Energi slår seg ikkje til ro med å feire dei 100 berre med ei bok.

Ein festkomite, Med Lena Kolstad, Per Arild Arnestuen, Stein Arne Melby, Kari Elin Sperstad og Sigrun Eide, er i ferd med å planleggje ein stor folkefest.

– Vi er huga til å gjera noko for heile bygda. Ikkje berre eit finare lag for spesielt inviterte, seier elverksjef Lars Egar Haugen.

Derfor blir det rundt jonsokleite ein stor fest i Bismo, med god musikk og matservering.

Det vil òg bli ein del aktivitetar i Bismo på dagtid den 22. juni, i regi av Energisenteret på Hunderfossen.

100-årsjubileet er også markert med ei turbok på «juletreet» oppunder Aursjoen. Her vil tre besøkande bli trekt ut til å vinne fine premiar etter vinterferien.