Skjåk Biovarme AS i mål med kontraktane:

Fjernvarmeanlegget blir starta opp i haust

Nesten heile industriområdet i Bismo vil fyre med flis. Kontraktane er nå underskrivne, og i haust startar Skjåk Biovarme AS opp fjernvarmeanlegget.

Fyringshuset: Jo Trygve Lyngved i Skjåk Almenning og Hallvard Helland i Lom Biovarme AS er glade for responsen blant verksemdene i industriområdet i Bismo. Mange vil kople seg på anlegget. Før jul vart fyrhuset sett opp på sagbrukstomta til Skjåk Trelast.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det var Skjåk Almenning som tok initiativet til å sjå på moglegheita med eit fjernvarmeanlegg i industriområdet i Bismo. Almenninga fekk med seg Lom Biovarme AS på laget, og saman stifta dei selskapet Skjåk Biovarme AS, der Skjåk Almenning eig 60 prosent og Lom Biovarme 40 prosent.