Er du i nærleiken av desse drosjane, får du raskt hjelp om du får hjartestans:

Utstyrt med hjartestartar

Skjåk Taxi AS har investert i hjartestartar i to av bilane sine.

Tryggleik: Samstundes som Skjåk Taxi AS investerte i to nye bilar før nyttår, vart det kjøpt inn ein hjartestartar til kvar av bilane. Eigar av taxiselskapet, Tron Ivar Wangen, og drosjesjåfør Rolf Arne Sandvoll, føler seg tryggare i kvardagen med hjartestartar i drosjane.  Foto: Tom Erik Solstad

I bagasjerommet: Hjartestartaren har fått fast plass i bagasjerommet.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Dette er ei billig investering, og skulle det vera slik at vi faktisk får bruk for dei ein gong, så er det i alle fall billig, seier Tron Ivar Wangen.

Investering

Saman med Sonja Wangen eig han Skjåk Taxi AS, som er medlem i Taxi Innlandet AS; driftsselskapet som sit på køyrekontraktar og større transportavtaler som sjuketransport.

– Vi investerte i to nye bilar rett før nyttår, og da fann vi ut at vi også skulle investere i ein hjartestartar til kvar av desse bilane, så dette er noko vi har gjort på eige initiativ, seier Tron Ivar Wangen.

Dei to hjartestartarane som til ein kvar tid vil vera stasjonert i drosjane, er kjøpt gjennom LHL.

– Hjartestartarane er utruleg enkle å bruke. Via ein skjerm og ein høgtalar får ein heile tida instruksjon om kva ein skal gjera. I fylgje LHL kan ein ikkje bruke denne hjartestartaren feil, seier Wangen.

Drosjesjåføren understrekar at Skjåk Taxi på ingen måte har tenkt å ta jobben frå ambulansepersonell.

– Men sidan det ikkje er stasjonert nokon ambulanse i Skjåk, så kan det ofte vera slik at drosjane er nærare enn ambulansen om einkvan skulle få hjartestans. Skulle det til dømes stupe einkvan inne på Skjåk kjøpesenter, så er kanskje ikkje drosja langt unna, og da kan vi hjelpe til heilt til ambulanse og profesjonell hjelp kjem, seier Tron Ivar.

Tryggleik

Også når drosjesjåførane køyrer rundt på kundane, er det ein tryggleik, både for kunden og sjåføren, å vite at bilen er utstyrt med ein hjartestartar i bagasjerommet.

– Vi køyrer på alt slags folk. Det er folk i alle aldersgrupper og med mange ulike sjukdomstilfelle. Sjuketransporten og det at vi køyrer ein del sjuke folk er éin ting, men alle kan få hjartestans, seier Tron Ivar Wangen.

Han oppmodar nå andre taxi-eigarar om å investere og utstyre drosjane sine med hjartestartar.

– Det blir krevd av oppdragsgjevar at vi som driv med sjuketransport tek fyrstehjelpskurs. Skal eg vera ærleg er eg litt forundra over at det ikkje er eit krav om at vi også har hjartestartar i drosjane. Skjåk Taxi angrar ikkje på investeringa. Dette har med tryggleik å gjera, seier Tron Ivar Wangen.