Forventar at trafikkstasjonen på Otta består

Regionrådet meiner Lillehammer bør bli det nye hovudkontoret for Statens vegvesen, men forventar samstundes at trafikkstasjonen på Otta blir opretthalden.

Otta: Regionrådet for Nord-Gudbrandsdal forventar at trafikkstasjonen på Otta ikkje blir lagt ned som fylgje av omorganisering i Statens vegvesen. Regionrådet har nå sendt brev til Fellesnemnda i Innlandet.   Foto: Skjermdump/Google maps

Nyheiter

Organiseringa av det offentlege vegnettet i Noreg er i endring.

Frå 1. januar 2020 skal fylkeskommunane overta administrasjonen av fylkesvegnettet. Samstundes skal Statens vegvesen omorganiserast, etter bestilling frå Samferdselsdepartementet.

Vegdirektøren vil leggje ned dei nåverande fem vegregionane. Det nye vegvesenet skal organiserast i fem divisjonar, eit eige hovudkontor og eit smalare vegdirektorat.

Regionrådet for Nord-Gudbrandsdal meiner at Lillehammer bør bli det nye hovudkontoret for Statens vegvesen, og at minst éin av dei nye divisjonane blir lagt dit. Samstundes forventar regionrådet at vegkontora og trafikkstasjonane på Fagernes, Gjøvik, Otta og Lillehammer blir oppretthalde, slik at tilbodet til trafikantar og næringslivet ikkje blir svekka.

Regionrådet har sendt brev om dette til Fellesnemnda i Innlandet ved fylkesordførar Even Hagen.