Rønnaug er vikarierande næringssjef dette året:

– Eg ville heim att til Lom

– Mi viktigaste rolle i denne stillinga blir å vera med på å bidra til fleire arbeidsplassar, og å leggje til rette for at fleire flyttar til Nord-Gudbrandsdalen og Lom.

Næringssjef: Rønnaug Nyrnes har flytta attende til Lom for å vera næringssjef dette året. Ho gler seg til å bli kjent med næringslivet i kommunen.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det seier Rønnaug Nyrnes (33) som er vikarierande næringssjef i Lom kommune dette året, medan Åshild Amundsen er ute i fødselspermisjon. Rønnaug har flytta attende til heimbygda Lom, etter å ha budd og jobba i Oppdal dei siste sju åra. Her har ho mellom anna jobba i næringshagen i Oppdal og Rennebu.