Reparasjonsarbeidet er i gang

Marlo bru på fylkesveg 483 i Skjåk vart øydelagt under oktoberflaumen, men nå er reparasjonsarbeidet i gang.

Marlo bru: Reparasjonsarbeidet pågår for fullt.   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

I november vart det utført ei kartlegging av skadeomfanget, og denne synte at flaumen gjorde skade på to pilarar.

– Kor lang tid det tek å reparere brua, kan det vera vanskeleg å seia heilt konkret, men det er sjølvsagt viktig at arbeidet er ferdig før ein eventuell vårflaum, seier Kari Hermanrud, kommunikasjonsrådgjevar i Statens vegvesen.