Elevane ved Vaksenopplæringa i Skjåk:

Skaffar seg utdanning og arbeid og blir buande

I Skjåk har 32 nye skjåkværar slått seg til ro i bygda. Det er det nok fleire grunnar til, men flyktningtenesta og Vaksenopplæringa betyr truleg ekstra mykje.

Vil lære: Elevane ved Vaksenopplæringa i Skjåk vil lære, få seg arbeid og «ikkje ha noko med Nav å gjera».  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Det er mange flyktningar og arbeidsinnvandrarar som har gjennomført norsk- og samfunnsfagsopplæring i regi av Vaksenopplæringa i Skjåk sidan 2010, da skulen vart starta opp. Heile 32 av desse har bestemt seg for at det er i Skjåk dei vil bu og leva.