KRONIKK:

Nytt hovudsjukehus

av Live Langøygard, ordførarkandidat for Vågå Arbeiderparti
Nyheiter

Ei gladsak for Innlandet! Vi har eit nytt og moderne sjukehus innan rekkevidde som sikrar oss alle ei likeverdig behandling i heile Innlandet. Behovet til pasienten skal bestemme utviklinga!

Endeleg kom innstillinga frå Helse Sør-Øst RHF som vi har venta på. Nå er det å vente på at styret i det regionale  helseforetaket skal behandle saka 31.januar.

Frå heimkommunen min Vågå tek det om lag to timar å kjøre til Lillehammer sjukehus .  Reiseavstanden til eit nytt sjukehus ved Mjøsbrua kan bli to og ein halv time. Sjølv om reiseavstanden blir lengre er framtida for oss i Innlandet eit nytt hovudsjukehus.
Kvifor har det seg slik at eg meiner det? Innlandet vil i framtida få andre  mogelegheiter og utfordringar enn dei vi har akkurat i dag. Mogelegheitene ligg i at fleire pasientar kan få tilbod om behandling nærmare der dei bur, i sin eigen kommune eller på lokalmedisinsk senter på Otta. Det betyr meir stuttreist behandling. Det er bra og dei mogelegheitene vil vi vere med og utvikle.


Vidare står Innlandet overfor utfordringa med ein relativt liten auke i folketalet dei neste tjue åra. Andelen av befolkninga over 70 år stig betydelig, vi blir fleire eldre. Sjukehuset Innlandet HF viser i sin utviklingsplan til at auken i dei eldste aldersgruppene er på omlag 70 prosent. Denne endringa i alderssamansetning vil føre til at fleire vil ha kroniske og samansette sjukdomsbilete.

I dag har Sjukehuset Innlandet HF fleire små eller mindre fagmiljø som er spreidd over mange lokasjonar og tilbodet til pasientane varierer ut frå kva sjukehus pasientane kjem til. Det gjev eit fragmentert behandlingstilbod. Det fører til at pasientar med fleire diagnosar må til behandling på forskjellige sjukehus for å bli ferdigbehandla. Og da held det ikkje med èin kjøretur. Pasienten opplever og få time på dei forskjellige sjukehusa på ulike datoar og det fører til ekstremt mykje reising.  Mange pasientar kjenner på at dei blir sjukare av all denne reisinga heller enn å bli raskare frisk.

Pasienten er hovudpersonen og må vere i sentrum. Reell medverknad frå pasienten og pårørande må vera grunnleggjande for organiseringa av spesialisthelsetenesta. Pasienten må oppleve saumlause tenester der heile pasientforløpet blir heilskapleg og likeverdig.

Vårt nye fylke Innlandet som er større enn Danmark, gjev oss eit bilete på reiseavstandane. Med dagens ambulansar kan ein starta mykje av behandlinga rullande på hjul på veg til sjukehuset. Det ligg mange mogelegheiter i å utvikle god ambulansedekning, ho er heilt avgjerande for å redusere avstandsutfordringane.

Eg meiner det er framtidsretta at ein byggjer eit nytt hovudsjukehus og samlar dei mest spesialiserte tenestene der og desentraliserer enklare behandling. Begge delar er nødvendige for god kvalitet og for å utvikle kommunehelsetenesta. Der målet er å  gje ei heilskapleg og likeverdig behandling av pasienten til pasientens beste!