Har vedteke nytt hovudsjukehus ved Mjøsbrua

Styret i Helse Sør-Øst har vedteke at det skal byggjast eit nytt storsjukehus i Innlandet med ein prislapp på 8,65 milliardar kroner.

Nytt hovudsjukehus: Styret i Helse Sør-Øst vedtok torsdag å byggje nytt hovudsjukehus ved Mjøsbrua. Kva som skjer med sjukehuset på Lillehammer er ikkje klart.  Foto: Skjermdump/Google Maps

Nyheiter

Det var torsdag føremiddag at styret i Helse Sør-Øst var samla for å diskutere og vedta ny sjukehusstruktur i Innlandet.

I fylgje NRK vedtok styret at Innlandet skal få eit nytt hovudsjukehus til 8,65 milliardar kroner. Sjukehuset skal liggje ved Mjøsbrua.

NRK skriv at administrerande direktør i Helse Sør-Øst, Cathrine Lofthus, ikkje vil samle alle sjukehusa i eitt hovudsjukehus, på grunn av at det geografiske området er for stort. Det er derimot ikkje vedteke kva for sjukehus som blir lagt ned, og kva for sjukehus som skal vera med vidare.

Vedtaket var samrøystes.