Bjørn Kåre er nominert til Musikkforleggerprisen

Bjørn Kåre Odde frå Garmo og stykket hans «Snille Patea» er nominert til Musikkforleggerprisen 2019 i kategorien Årets verk innan klassisk/samtidsmusikk.

Nominert: Bjørn Kåre Odde og stykket hans «Snille Patea» er nominert til Musikkforleggerprisen 2019 i kategorien Årets verk innan klassisk/samtidsmusikk. – Ei ære å bli nominert, seier komponisten og spelemannen frå Garmo.   Foto: Tom Erik Solstad/arkiv

Atterljomen: Astrid Sulheim, Bjørn Kåre Odde og Aslak Brimi er i gang med eit nytt prosjekt og kjem med ny plate i haust.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

– Eit lite sjokk, men du verda for ei ære, seier Bjørn Kåre Odde.

Totalt er det tolv nominerte i kategorien Årets verk innan klassisk/samtidsmusikk.

Prisen blir delt ut for å heidre norske musikkforlag og komponistar. Prisen blir delt ut i Oslo dagen før Bylarm, den 27. februar.

– Det er artig å bli lagt merke til i bransjen med mange gode komponistar, seier Bjørn Kåre.

Han tykkjer det er artig at noko som er inspirert av folkemusikk blir nominert i ei slik klasse.

– Det er stas, seier han.

Musikkstykket «Snille Patea» er eit bestillingsverk av Oslo-koret Schola Cantorum, eit verk for blandakor og fele.

Saman med koret var Bjørn Kåre på turné i Sveits og St. Petersburg i Russland i 2016, der stykket vart framført.

Snart kjem koret Schola Cantorum og Bjørn Kåre Odde med plate der stykket er med.

Musikaren Bjørn Kåre Odde har mange jarn i elden, med stadig nye prosjekt han er med i.

– Saman med Astrid Sulheim og Aslak Brimi i Atterljomen, er vi i gang med eit nytt prosjekt. Her tek vi for oss slåttar som er komponert i Ottadalen. Vi kjem med ny plate i haust, seier Bjørn Kåre Odde.