Digital Kanal Skjåk er folkehelse på høgt plan:

Beint fram kolossalt, fenomenalt jælma

Etter åtte år i tung dvale er det rista liv i teatergruppa i U. L. Fram i Skjåk. Takk for det!
Nyheiter

14 aktørar på scena, halvparten debutantar. For ein gjeng. Med eit, for høvet, nykomponert husorkester under leiing av kapellmeister Reidar Svare, fekk eit fullsett Marlo grendahus ta del i hysterisk artige sketsjar, aktuelle innslag med meir underfundig humor, utruleg god song og så utruleg mykje meir.