Skal lage jaktfilm frå Skjåk

Under viltkvelden i Lom fredag vart villmarksfotograf Morten Brekke utfordra til å lage ein film om reinsjakt i Reinheimen og Breheimen.

Film om reinsjakt: Jørgen Vole (til høgre) utfordra villmarksfotograf Morten Brekke (midten) under viltkvelden i Utgard fredag kveld til å lage ein film om reinsjakt i Reinheimen og Breheimen. Dagleg leiar i Skjåk Allmenning, Jo Trygve Lyngve, seier det er positivt for området at det blir laga ein film om reinsjakt.   Foto: Stig Roar Mandal

Nyheiter

Det var Jørgen Vole i Lom jeger- og fiskarforeining som under viltkvelden utfordra villmarksfotograf Morten Brekke til å lage ein skikkeleg jaktfilm frå Skjåk.

– Det blir ein film om reinsjakt i Reinheimen og Breheimen. Morten Brekke vart voldsomt gira, seier Jørgen Vole.

Jo Trygve Lyngve som er allmenningsstyrar og dagleg leiar i Skjåk Almenning, seier at det er positivt for området at det blir laga ein film om reinsjakt.

Han legg til at dette ikkje er noko nytt. Det har vore laga fleire filmar tidlegare.

– Det er fint at reinsjakta som den kulturen og tradisjonen det er, blir dokumentert. Ein film må vise fleire sider av jakta, ikkje berre skyting. Ein må få fram alt det andre rundt jakta; alt frå planlegging, slakting, handtering av kjøtt. Skyting er ein liten del av jakta, seier Lyngve.

Allmenningsstyraren understrekar at dette er ei sak som ikkje er behandla av han eller i allmenningsstyret.

Det var omlag 75 personar som tok turen til Utgard og viltkvelden.