Inviterer til sjakktreff på sentralen

Har du lyst til å spela sjakk? Da kan du ta turen til Skjåk Friviljugsentral torsdag.

Sjakktreff: Torsdag blir det sjakktreff på Skjåk Friviljugsentral. Frå venstre: Bjørn Tuva, Finn Sandum og Odd Jakobsen.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Om kvelden torsdag 31. januar er det nemleg sjakktreff på friviljugsentralen.

Dei som ikkje kan sjakkreglane vil få ei innføring av sjakkentusiast og læremeister Finn Sandum.

Dagleg leiar på Skjåk Friviljugsentral, Jo-André Sperstad Fjeld, fortel at alle er velkomne til sjakktreffet neste veke.

– Forkunnskap er ikkje nødvendig. Her skal vi treffast for å spele og ikkje minst ha det triveleg saman. Folk i alle aldrar er velkomne, seier Sperstad Fjeld.

Om oppmøtet og attendemeldingane blir bra, vil det bli arrangert fleire sjakktreff på Skjåk Friviljugsentral framover.