Unge røyster - skrivekonkurranse for unge skribentar og skrivelystne:

Viktig satsing for G-Kultur

Stiftinga G-Kultur lyser nå ut skrivekonkurransen Unge røyster for skribentar og skrivelystne i alderen 16-30 år med tilknyting til Gudbrandsdalen.
Nyheiter

«Unge røyster» blir den siste satsinga, og det siste bidraget «restane» av Gudbrandsdalslaget gjer. 100.000 kroner skal delast ut til unge skrivelystne med tilknyting til Gudbrandsdalen.

– Unge menneske er engasjerte og nysgjerrige når det gjeld den verda vi lever i og kva slags samfunn vi går inn i. Mange likar å gje uttrykk for sine tankar, visjonar og håp gjennom det skrevne ord, og går kanskje med ein liten «forfattar» i seg, Dette er noko vi dagleg kan observere og erfare f.eks. i aviser og på sosiale medier, skriv G-Kultur i ei pressemelding.

Med Unge røyster håpar G-Kultur å bidra til å løfte fram slike visjonar, og kanskje gje nokre unge menneske litt hjelp framover til ei mogleg framtid som skribent, forfattar eller journalist, eller anna verksemd der det skrevne ordet er ein viktig reidskap.

Stiftinga G-Kultur har forvalta og teke hand om arven etter Gudbrandsdalslaget ut frå respekt for alle dei tusenvis av unge dølar som var medlemar i laget og gjorde det til ein svært viktig og verdifull møteplass og sosial arena. Nå ser stiftinga det som deira oppdrag å avslutte 100 års historie og føre arven vidare, ved å invitere dagens unge menneske til å fundere på si eiga framtid og det samfunnet dei kan sjå for seg.

– Med Unge røyster vil vi stimulere eit felt som har vore lite synleggjort i verksemda til Stiftinga G-Kultur så langt. Vi håpar at dette er eit initiativ som skulane, kommunane, biblioteka og det lokale kulturlivet m.fl. i Gudbrandsdalen vil finne interessant og hjelpe oss med å formidle til dei unge.

Fristen for bidrag er 15. juni 2019. Bidraga blir juryerte, og inntil 10 bidrag blir honorerte med 10.000 kroner kvar. Desse skal etter planen gjevast ut i bokform og med lansering på eit arrangement på Det Norske Teatret i Oslo 1. februar 2020.

Jurymedlemane som skal plukke ut vinnarbidraga er: Sigrid Sørumgård Botheim (forfattar og journalist, seniorrådgjevar i Språkrådet), Astrid Brekken (journalist og skribent, tidlegare tilsett i NRK), Olav Brostrup Müller (kultursjef Lillehammer kommune, journalist og skribent), Rønnaug Haugstad (fagkonsulent, Bydel Grünerløkka i Oslo) og Marit Hosar (kunstnar, fylkesarkivar i Oppland). Dei to siste representerer styret i Stiftinga G-Kultur.

Så langt har kommunane Gausdal, Sør-Fron, Nord-Fron, Sel og Skjåk gjeve økonomisk tilskot til gjennomføring av Unge røyster.

G-Kultur har forslag til tema ein kan skrive om.

Identitet og tilhøyre:

Korleis er det å vekse opp i ei bygd i Gudbrandsdalen? Kva skal til for å flytte heim att? Kva vil det seie å kjenne seg heime? Kva har internett og sosiale medium å seie for identiteten din?

Utdanning og arbeid:

Kva vil du bli? Ville du valt annleis om du fekk gjere ting på nytt? Kva kan vi leve av i Noreg i framtida? Er det vanskeleg å velje kva ein skal bli i dagens samfunn? Er det eit press om å bli noko viktig og å bli best? Er det feil å ikkje ha store ambisjonar?

Mangfald:

Korleis er det å vera ny i Noreg? Er Gudbrandsdalen ein god plass å kome til? Er eigentleg vi nordmenn rause og inkluderande? Kan ein føle seg utanfor sjølv om ein er akkurat som alle andre?

Miljø og klima:

Kva tenkjer dei som veks opp nå om foreldregenerasjonen? Går vi ei dyster framtid i møte, eller kan vi snu klimatrusselen? Kva kan kvar enkelt gjere for miljøet?

Eller noko heilt anna ...