Utløyste snøskred i Skjåk

Ein turgåar på truger utløyste eit skred aust for Føysa i Skjåk. Han vart ikkje tatt av skredet sjølv.

Snøskred: Politiet meldte på Twitter at det sundag ettermiddag har gått eit snøskred på austsida av Føysa i Skjåk. Det var ein turgåar på truger som hadde løyst ut skredet.   Foto: arkiv

Nyheiter

Klokka 15.40 sundag ettermiddag løyste ein turgåar på truger ut eit skred på austsida av Føysa ved Billingen.

Politiet skriv på Twitter at skredet var cirka 100 breitt.

Det er relativt store blokker som har bevega seg cirka 150 meter nedover dalen.

Personen på truger vart ikkje tatt av skredet sjølv.