Sylvmedalje til Oline og Ola

Oline Vestad frå Vågå og Ola Aurmo frå Lom kom på pallen under KM langrenn på Dombås i helga.

Sylvmedalje: Oline Vestad og Ola Aurmo er glade medaljevinnarar etter KM i helga.  Foto: Asta Brimi

Nyheiter

Laurdag var det sprint der Oline Vestad frå Vågå vart nummer to i finalen i klasse jenter 15 år.

Og sundag kunne Oline på nytt ta steget opp på pallen etter fellesstarten og ein ny andreplass.

Ola Aurmo frå Lom fekk også pallplass etter fellestarten i klasse gutar 16 år sundag.

Med andreplassen på Dombås sundag leiar nå Ola si klasse i Gålå Cup.

Dei to sylvmedaljevinnarane frå Ottadalen var godt tilfreds med innsatsen og resultatet under KM på Dombås.